Forfatter Lars Mæhle
Vil du at eg skal besøke klassen din? Eg likar å reise på skolebesøk. Og særleg viss skolen din ligg ganske nærme Oslo. Dette kan eg tilby:

1. Barnetrinnet
Her er td. bøkene om Knoterud FK aktuelle. Sport og fotball kan være ein innfallsport til leseglede, kanskje særleg for dei «utskjelte» gutane som ifølgje ryktene ikkje les bøker. Men Knoterud FK er like mykje for jenter. Bøkene handlar like mykje om samhald og venskap som om fotball. Og forhåpentleg er dei ganske artige.

Men aller viktigast: Historia må vere spennande! Under skolebesøka snakkar eg ofte om kva som må til for at ei historie skal bli spennande. Og elevane får sjølve også bryne seg på små skriveoppgåver. Er dagsformen på topp, kan det òg hende at eg tar med gitaren.

Eg har også eit opplegg knytta til dyr og miljøvern, om det er interessant. Dette i samband med faktaserien Dyrepasserne.

Eller ein miks av det overfor.
 
2. Ungdomstrinnet, vidaregåande
Eg har skrive fleire bøker for ungdom. I denne alderen er mange interessert i fantasy. Eg har reist mykje rundt og fortalt om Landet under isen (2009). Fantasyromanen er også eit godt utgangspunkt for å snakke om spenningshistorier generelt: kva som gjer ei krimforteljing spennande.

Men andre opplegg er også muleg. Td. bok – film Keeperen til Tunisia (2002) / Keeper’n til Liverpool (2010).

Eg likar dessutan å involvere elevane, slik at dei sjølve for prøvd seg litt sjølve. Dei får enkle skriveoppgåver – å skrive ei historie td. ut frå nokre få stikkord, eller ut frå ein song / eit dikt.

Om du lurar på kor mykje dette kostar, gå inn på sidene til Norsk Forfattersentrum (alle forfattarbesøk skal gå via dei).
 

Skal du skrive oppgåve om ei av bøkene mine?

Her følgjer seks ofte stilte spørsmål med utfyllande svar. Kanskje det kan vere til hjelp om du lurar på nettopp dette i di oppgåve.
 
Korleis er det å jobbe som forfattar?
Eg likar å skrive. Derfor er forfattarlivet topp for meg. Men det er hardt arbeid, frå ni til fem kvar dag. Om føremiddagen skriv eg gjerne. Etter lunsj brukar eg ofte å lese over dei tinga eg har skrive.

Ein forfattar sit mykje for deg sjølv og jobbar. Tidvis er det litt einsamt. Men det er sosialt òg, på andre måtar. Du reiser ein del, besøker skolar, litteraturfestivalar og andre boktilstelningar. Du har òg møte med redaktøren din på forlaget, kanskje nokon i sals- eller marknadsavdelinga òg. Forfattarar får også gått på festivitas og arrangement der dei møter andre forfattarar. (Og berre så det er sagt: Barne- og ungdomsbokforfattarar er veldig hyggelege! J)
 
Kor mykje tener du som forfattar?
Dette er kanskje det spørsmålet eg oftast får. Så derfor skal eg svare ganske grundig på det.

I utgangspunktet tener du ikkje så mykje på ei bok i Noreg. Eit vanleg forskot på ei bok kan ligge rundt 70–80 000,- kroner, kanskje. Viss du tenker på at forfattaren har brukt f.eks. eitt år på den boka, kan du tenke deg kor bra timelønna blir. (Og i dette forskotet ligg også inkludert dei 1000 / 1500 eksemplar av boka som blir kjøpt av biblioteket – den såkalla innkjøpsordninga.)

Men sel boka bra, kan du få meir pengar året etter. Da får forfattaren betalt for dei eksemplara boka har selt over forskotet. Dette kallast royalty, eller royaltyavrekning. Forfattaren får kort sagt ein viss prosent av kvar selte bok. Men første året får han eit minstehonorar ut frå det forventa salet.

Det er berre éi hake ved den planen: Antal bøker som faktisk sel godt i Noreg, er omkring 0,02 % av alle utgitte bøker. Så ein kan setje to strekar under det at forfattaryrket er ingen bombesikker veg til rikdom.

Men i tillegg til sjølve bøkene, kan ein forfattar kan tene på å reise rundt på skolebesøk, halde føredrag, lese opp på festivalar m.m. Og om boka blir dramatisert for radio, tv eller film, blir det også litt pengar. Eller om ho blir selt til eit anna land. Eller om eit utdrag blir plukka ut til ei skolebok. Osv.

Så ein del bekkar små, kan til slutt bli til ei å. Men litt skummelt er det å aldri vite akkurat kor mykje du vil tene. Mi løysing er å stå på, og skrive alt eg kan. Kanskje ein lykkast bra til slutt, om ein er audmjuk og tålmodig. Og gjennom å skrive og lese mykje, blir ein sakte betre i faget òg. Det er det same anten det gjeld td. sport eller skriving.
 
Kva inspirerer deg som forfattar?
Dette er eit utruleg vanskeleg spørsmål. Men ein ting kan eg seie: Eg har alltid ein «bank» med idear, og noterer idear fortløpande. Har eg ikkje ein idé eller to som ventar på meg, får eg panikk. Men i motsetnad til det mange trur, kan ein jobbe ganske målretta med fantasi og idear. Ein forfattar kan ikkje sitje stille og vente på inspirasjonen. Da gror det fort mose på deg.

Ein muleg måte å jobbe på, er å lage kreative rammer for eit prosjekt. Da eg skulle skrive Korea. Noveller om kjærleik (2010), sette eg meg følgjande rammer: Boka skulle ha sju noveller. Dei seks første skulle vere korte. Den siste skulle vere like lang som dei seks første – og karakterar frå dei seks første skulle gå igjen i denne. Elles: Alle novellene skulle, på ulike måtar, handle om kjærleik. Alle skulle føregå på heimplassen min, Sunndal.

Straks eg hadde laga denne ramma, begynte historier og karakterar å piple fram. Det var merkeleg, men slik var det. Rammer kan faktisk slik utløyse ein kreativ prosess, og tankar om kva som kan til slutt bli ei god historie.

Andre gongar kan eg ta utgangspunkt i ein god tittel. Og så forsøker eg å finne gode historier som kan springe ut frå ein slik tittel. Atter andre gongar kan ein overhøre ein pussig samtale på t-banen, eller oppleve noko som kanskje passar i ei historie. Eller som td. kan vere starten på ein karakter som eg kan bruke i ei historie.

I tillegg trur eg dei fleste forfattarar trekker vekslar på ting frå sine eigne liv, ikkje minst hendingar frå barndommen og ungdommen. Eg har sjølv skrive mykje om det å vere ung. Ungdommen var ei utruleg intens tid. Kjensler eksploderte. Hormonar raste. Og eg hugsar td. kor forpint blyg eg var. Herreminhatt. Men å prøve å hente ut noko der; hendingar du hugsar, ting som har verka sterkt på deg – og så prøve å skrive gjenkjennande om det. Det kan vere ein muleg veg til ei god bok.

For slik er det: Ting som verkar sterkt på deg sjølv, verkar gjerne også sterkt på andre. Også dei som les historia di.
 
Kvifor skriv du på nynorsk?
Ja, kvifor i himmelens navn skriv eg på nynorsk? Dette skjønar eg nesten ikkje sjølv eingong. Eg har jo bokmål som hovudmål og alt muleg. Og eg skriv bøker på bokmål, også. Når eg skriv på Facebook, for eksempel, er omtrent halvparten av meldingane eg postar på bokmål – dei andre på nynorsk. Litt lite konsekvent, kanskje, men slik er det.

Men éin ting veit eg: I dei ti åra eg forsøkte å skrive manus på bokmål, blei det berre tull. Elendige greier. Alle manusa blei (med rette) refuserte. Da eg for første gong prøva meg på nynorsk, fall liksom noko på plass. Eg fann ei stemme, ei stemning i språket mitt.

Kva dette skyldast, kan ein jo naturlegvis spekulerere i. Det at nynorsk ligg nært nordmørsdialekta, er eitt muleg svar. Det at eg likar klangen i nynorsken, at det er eit stemningsfullt, musikalsk språk, og at det er «råare» enn bokmål, er eit anna.

Nynorsk er vanskeleg, seier mange. Eg er heilt einig! Men det, unnskyld utrykket, drit eg i. Eg har aldri vore opptatt av å lese med raudpenn. Det finst så mange andre kvalitetar som er mykje viktigare for meg, f.eks. nettopp rytmen i språket, sjølve stilen eller tonen i språket, om du klarer å finne ei stemme som fell naturleg for deg. Om du har karakter i språket ditt. Om du har snert og humor. Når eg finn dette hos ein forfattar, blir eg lykkeleg! Uansett målføre.

Og sjølvsagt: Det aller mest vesentlege er at du har noko på hjartet, noko å fortelje andre, med det du skriv. Noko som kjennest viktig og riktig. Og som kanskje er litt originalt, kanskje litt vågalt òg, noko som går på tvers av det dei fleste forventar seg.

Klarer du alt dette på éin gong? Ja, da er du forfattar.
 
Kan ein lære seg å skrive?
Ja.
 
Kan eg halde skrivekurs?
Ja.