UNGDOMSBØKER

Tusenfryd – noveller for ungdom

Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Eit halvt år som forandrar alt.

Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøster si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønsker å finne ein stad der han kan få vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Han blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i teaterstykkene i klassen.

Bortsett frå dette året. Da alt blir snudd opp ned.

Mot stjernene er vi ingenting

«Det Sofies verden gjorde for filosofi, gjør denne boka om astronomi!»

En gripende ungdomsroman om å forsone seg med sorg og tap, men også en lærerik beretning om solsystemet vårt.

Tenåringen Oskar bor alene sammen med moren, som er alvorlig syk. Hun har derfor bedt morfaren om å komme, en mann hun brøt all kontakt med da hun selv var tenåring. Hennes siste ønske er at Oscar og morfaren skal finne sammen, og det er kun én måte de kan klare det på – gjennom astronomi.

• Faktaformidling i romanformat
• Leseren kan selv prøve å løse mysteriet i boken

Djevelen vil alltid finne deg

Klarer du å finne djevelen? Før djevelen finn deg?

Slik går skriftet om Djevelens avkom
Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram. Her. På denne staden.

Frøet er planta allereie. Det spirer. Det gror. Men ingen ser. Ingen høyrer. Hjarteslaga til det svarte fosteret.

Hysj. Høyr.

Kor vart og stille hjartet bankar.

Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse, grøne klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret.

Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på?

Djevelen vil alltid finne deg er noko så sjeldan som ein samfunnskritisk og gysande grøssar der lesaren sjølv må vere detektiv og finne djevelen.

«Denne grøssaren er så nifs at eg blei vettskremt sjølv mens eg skreiv boka.»
Forfattaren

Andromeda

«William og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk.»

16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur.

Andromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.

Terningkast 5
«Truverdig om tøffe tenår … Alt skjer i høgt tempo og utan unødige dødpunkt … Lars Mæhle syner fram kreative evner og solid innsikt når han går inn i ungdommens spesielle univers i Andromeda. Godt gjort!»
Jostein Sæbøe, Romsdals budstikke

Død eller levande

Død eller levande og Tor Arve Røsslands Den tolvte spelaren, første bøker ut i GRØSS OG GRU, ein serie med spennande lettlesbøker for ungdom.

Død eller levande
Eg kan sjå ting andre ikkje ser.
Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer.
Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen.

Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom – og inn i den mørke, grufulle Bekkedalen.

Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid mellom Det norske Samlaget og Leser søker bok.

Jag är Supermann

Bjørn, Eskil og ei svensk jente drar ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo.

Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.

Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.

«Det som gjør denne samlingen ganske spesiell er at tekstene på en måte henger sammen, som en roman, selv om de står fint på egne bein … Nyansene er viktige, det ligger ting under, man må være med-dikter. Alt dette gjør Mæhle så bra i sine tekster. De bør leses av mange.»
Hans Petter Laberg i «Bokanbefaling» i Romerikes Blad
Les hele anmeldelsen her

«… ein SKAM for bygda. Det er medfølande og innlevande. Og klokt skrive.»
Svein Olav B. Langåker, framtida.no
Les hele anmeldelsen her

«Den korte romanen rommer mye mørke, men lyset skinner igjennom på alle de riktige stedene.»
Marius Emanuelsen, barnebokkritikk.no
Les hele anmeldelsen her

Fuck Off I Love You

Vemund er ein tilsynelatande vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor?

Leiaren i gruppa, Jokeren, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle vesentlege veival med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre liva våre? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Men boka er også ei forteljing om kjærleik, om familie og vener – og om å prøve å finne fast grunn under føtene.

Keeperen til Tunisia

Boka bak filmen Keeper’n til Liverpool, som vann Krystallbjørnen for beste barnefilm ved filmfestivalen i Berlin (2011). I alt vann filmen, regissert av Arild Andresen, heile 13 internasjonale filmprisar i 2011. Boka er omsett til tysk.

«… en spennende og velskrevet ungdomsroman som kan anbefales både til unge og litt voksnere lesere.»
Anne Cathrine Straume, NRK P2
Les hele anmeldelsen »

Terningkast 5. Kirsten Viker Lunde, OA

Narnia-draumar

Frittståande framhald av Keeperen til Tunisia. Eg-forteljaren Jo er blitt 16, og fotballtalentet Arnfinn, storebror til Jos beste venn, er framleis pasient på «Klikken».
C.S. Lewis’ Narnia-bøker har gitt næring til draumar og lengslar hos dei involverte personane.

«Dersom du er mellom dei som fryktar at det ikkje vert skrive gode ungdomsbøker om dagen, må du stifta nærare kjennskap med Lars Mæhle sitt forfattarskap.»
Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

Harry Houdinis elefant

Seinsommar. Norway Cup. Klokka er 09.36, og 16 år gamle Anders Hovden sit klar på reservebenken. Akkurat då får han beskjeden han minst av alt vil ha: Den biologiske far hans, premiekødden over alle premiekøddar – som aldri har ønskt kontakt med sonen – har fått kreft. Faren har eitt siste ønske: å få møte Anders før han døyr.

Det skal ikkje handle om fotball likevel denne veka. Det skal handle om dei store tinga: om livet, døden og kjærleiken. I omtrent den rekkefølgja.

«Solid og spenstig»
May Grethe Lerum, VG
Les hele anmeldelsen »