Lars Mæhle
Eg kom til verda på Sunndalsøra i 1971. Der budde eg i 19 år. Staden er Nordmøre på sitt aller beste, heilt objektivt. Sunndalsøra ligg ved enden av ein fjordarm, og dalen som strekker seg oppover kallast Sunndal.

Det er ein typisk industritettstad, der Hydro Aluminium er hjørnesteinsbedrift. Eg har brukt Sunndal som bakteppe for mange av bøkene mine. Kanskje aller mest tydeleg i Korea. Noveller om kjærleik (2011), der alle korthistoriene utspelar seg på Sunndalsøra. Men også i andre bøker, som td. Keeperen til Tunisia (2002), ligg ein ganske lik dal og lurar i bakgrunnen, men utan å bli nevnt med navn. Naturen og landskapet på indre Nordmøre har eg òg brukt flittig i fantasyromanen Landet under isen (2009): tunnelar som går inn i fjellet, ein sal av is, høge fjell og isbreer. Alt dette finst her.

Eg budde i Sunndal heilt til eg blei 19 år. Da gjekk eg først eitt år på Folkehøgskole (Darbu v/ Kongsberg), før eg studerte ved Universitetet i Oslo. Eg har eit hovudfag i litteratur herifrå. I mange år jobba eg som redaktør for pocketbøker i Gyldendal Norsk Forlag. No er eg forfattar på heiltid.

Heilt sidan eg var tenåring har eg skrive og lese mykje. Og eg sendte inn manus til forlag heilt frå eg var 18 år, til eg – endeleg!, ca. 25 refusjonar seinare – fekk mi første bok antatt som 32-åring. Så det er sant det som Jostein Gaarder seier: «Den viktigeste ingrediensen i kreativitet, er tålmodighet.» Debutboka var Keeperen til Tunisia, som seinare skulle bli filmatisert under tittelen Keeper’n til Liverpool (2010).

Etter det har eg berre peisa på! Eg har skrive mest for barn og ungdom, utan at eg heilt veit kvifor. Men eg skriv i fleire sjangrar, alt frå lettlestbøker til (etter kvart) bøker for vaksne.

På denne nettsida kan du lese meir om bøkene mine. Om kva eg likar, eller kva du må gjere viss du td. skal skrive semesteroppgåve om ei bok, eller ønsker at eg skal besøke skoleklassen din. Og om du av ein eller annan grunn skulle ønske å lese meir om underteiknande, kan du gjere det på nettsidene til Samlaget eller Foreningen Les!