Død eller levande og Tor Arve Røsslands Den tolvte spelaren, første bøker ut i GRØSS OG GRU, ein serie med spennande lettlesbøker for ungdom.
Død eller levande
Eg kan sjå ting andre ikkje ser.
Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer.
Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen.
Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom – og inn i den mørke, grufulle Bekkedalen.
Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid mellom Det norske Samlaget og Leser søker bok.