Etter mange oppmodingar og fleire års arbeid: Endelieg kjem oppfølgjaren til fantasyromanen Landet under isen.
Ei livsfarleg sekt.
Ei grufull utfordring.
Ei umuleg reise inn i riket under isbreen.
Eit hemmeleg skrift med svar på dødens gåter.
Ein sektleiar og mordar som skjuler seg i Smalvik.
Ein utvald og ein etterforskar må finne løysinga.
Før jorda går under.
Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei i 2010 tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Fabelprisen og ungdommens eigen pris, UPrisen. Boka blei òg nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Dødeboka er andre, frittståande bok i denne fantasyserien.