KRIM

Den stille flokken

Vaksenkrim som tar opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: korleis taterane / romanifolket er blitt behandla på 1900-talet.

Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie

Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur».

Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.

Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet.

Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar – og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?

Anmeldelser

Terningkast 6 i Fedrelandsvennen: «Den stille flokken er ei av dei mest rystande bøkene eg har lese. Og ei av dei beste.»
Les hele anmeldelsen her

Terningkast 5 og fremhevet som en av årets beste kriminalromaner til påske i Hamar Arbeiderblad
«Den samfunnsengasjerte krimromanen lever fortsatt; det er Lars Mæhles Den stille flokken et utmerket eksempel på.»
Les hele anmeldelsen her

Terningkast 5 i Bergens Tidende (bak betalingsmur)

«God fremdrift og rammende samfunnskritikk gjør den tredje krimmen om psykolog Ina Grieg til den beste i serien.»
Gro Jørstad Nilsen

Bokbloggere om boka

Min bok- og malerblogg
«Ein kriminal etter min smak! Anbefales!»
Les hele omtalen her

Boktimmy
«… en sjokkerende, spennende og skremmende kriminalroman. Spenningen er til å ta og føle på gjennom flere hundre sider … Dette er forfatterens beste kriminalroman til nå. Den stille flokken er en historisk roman som virkelig kan anbefales.»
Les hele omtalen her

Tine sin blogg
«Flyturen fra Norge til New York gikk som en lek med denne boken i fanget. Mæhle skriver drivende godt, og klarte å fengsle meg helt med denne historien.»
Tine Sundal
Les hele omtalen her

Cappelen Damms bokblogg
Valgt som en av Topp 10: Norsk påskekrim 2017
forlagsliv.no
Les hele saken her

Karis bokprat
«En skikkelig sidevender.»
Les hele omtalen her

Linnés dystre lærdom

Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Da ho vaks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren».

Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt. Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live?

Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.

Den mørke porten

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin. Åstaden og drapsmetoden liknar det uoppklarte drapet på Karsten Scheel.

Psykologen Ina Grieg, Karsten Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i politiets etterforskning. Og Grieg går eigne vegar for å få etterforskninga framover. 

Det blir snart klart at det dreier seg om fleire mord, der gjerningsmannens signatur er kodar og mønster som ikkje ser ut til å ha noka løysing.

Grieg får bruk for all sin menneskekunnskap, kløkt og kampsporterfaring i ei jakt der ho må kjempe mot fleire demonar, ikkje minst sine eigne.

Den mørke porten er første boka i ein serie om psykologen Ina Grieg.

Skrevet om Den mørke porten

«Den prisbelønte barne- og ungdomsforfatteren Lars Mæhle debuterer som krimforfatter for voksne. Det er en lovende debut, både språklig og plottmessig.»
Torbjørn Ekelund, Dagbladet
Les hele anmeldelsen »

«Romanen er allerede solgt til et tysk forlag, og la det være sagt med en gang: Dette kan bli et utmerket tilskudd til varemerket «Nordic noir» … en medrivende spenningsroman med en løsning som er akkurat passe vanskelig å gjette seg til, og en antiheltinne vi gjerne får på besøk igjen.»
Ola A. Hegdal, Dagens Næringsliv

«Sterk debut. Gode karakterer og et kløktig plott. Psykologen Ina Grieg blir det moro å følge videre.»
Jørgen Brekke i «Forfatternes kriminelt gode boktips», dittoslo

«Lars Mæhle har skrevet en suggererende thriller hvor mennesker med stor evne til det gode, drives gjennom den mørke porten – og ikke finner veien ut igjen.»
Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad

«Den mørke porten har ein nerve og ein kombinasjon av fleire plott som etter kvart riv lesaren med og framkallar gåsehuda gjentekne gongar.»
Arne Ruset, Romsdals Budstikke

«Dette er lettlest, men særs godt skrive. Ein krimdebut Mæhle skal vera stolt av. Eg ser ikkje vekk frå at me her har ein komande Rivertonvinnar føre oss.»
Bokblogger Geir Tangen om Den mørke porten
Les mer »

«Lars Mæhle skriv (som alltid) lett og handlingsmetta samtidig. Det er framdrift i både språket og handlinga. Og tilbakedrift: det siste drapet og den påfølgjande oppklaringa skjer i løpet av sju dagar i desember 2010, men med stadige svippturar tilbake i tid. No for tida komponerer dei fleste krimmen sin slik. Lars Mæhle gjer det betre enn dei fleste.»
Svein Sæter, Driva
Les hele anmeldelsen »