BARNEBØKER

Telle-trollet teller til ti

Illustrert av Anna Fiske

Ny bok med illustrasjoner av Anna Fiske! En leken og annerledes tellebok for de minste. Utgitt på nyoppstartede Ena forlag.

Bli med Telle-Trollet på en eventyrlig reise! Underveis møter han mange rare dyr, skapninger og tall.

Klarer du å gjette rimene?

Harry og Ivar finn opp krutet

Illustrert av Per Dybvig

Harry og Ivar er to sære typar som leiger eit gammalt tømmerhus i utkanten av byen.

Der bur også hunden Kåre Albert, som etter kvart spelar ei viktig rolle i denne ville forteljinga.

Ein dag kjem eigarinna av huset for å kaste dei ut, fordi ho vil selje. Dette er verkeleg krise, for sparegrisen er tom, og kvar skal dei få pengar frå om dei vil kjøpe?

Dei må klare å vinne den utlyste oppfinnarkonkurransen som dei les om i avisa. Harry vil finne opp ein kjempekinaputt, og hånar Ivar – som på si side allierer seg med ein ekte oppfinnar.

Oversatt til dansk.
Dramatisert og sendt som høyrespel på Barnetimen, NRK P1.

“Historien og Harry og Ivar er en finurlig fortælling, som indeholder spændning for børn fra 6 år og, som lovet på forsiden, indeholder bogen mindst én eksplosion! Selvom historien ikke har børn som hovedpersoner, minder den mig alligevel en del om de klassiske historier af Ole Lund Kirkegaard … jeg ser frem til at høre mere om de to usædvanlige fyre.”
Metteline Lykke Rasmussen, Fortællingen.dk

Harry og Ivar i Junaited Statesen

Illustrert av Per Dybvig

Harry og Ivar er tilbake! Og dét i eit eventyr villare og meir fantastisk enn nokon kunne tru. Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas (som han trur han enkelt vil vinne), og er slemmare enn nokon gong.

Harry og Ivar tryllar jula inn

Illustrert av Per Dybvig

Denne gongen har Harry (bombe!) fått ein grandiosa idé: å trylle fram ein julekveld i april. I forsøket blir det ikkje spart på ess eller kaninar – og særleg ikkje på vaflar. Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydde opp i sakene.

“Bøkene om Harry og Ivar er proppfulle av absurd humor på herlig nynorsk.”
Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land

“Denne boken vil jeg si passer for alle med humorisktisk sans. … Den morsomste Harry og Ivar hittil.”
Sindre Storløkken (11 år), Aura Avis

Harry og Ivars detektivbyrå

Illustrert av Per Dybvig

Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til.

Godt nytt: Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det detektiv-laget som løyser saka. Og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv.

Dårleg nytt: Laget til Harry, HARRYS GRANDIOSA DEKTEKTYVBYRÅ, går for ei anna sak. Dei vil finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen.

Berre éin ting er sikkert: Her er det ugler i termosen!

Krølle-Knut grev seg ned til Kina

Illustrert av Anna Fiske

Lettlestbok

Det er midt på sommaren, og alle kompisane til Krølle-Knut har reist bort. Alt er kjedeleg. Men så møter han Kristiane på leikeplassen. Ho er nemleg på ferie der Krølle-Knut bur.

No får Krølle-Knut ein idé: Han og Kristiane skal konkurrere om å grave seg først ned til Kina. Dei tar kvar sin leikespade og tar fatt på oppgåva.

Krølle-Knut grev seg ned til Kina er ei humrande forteljing om alt ein kan finne i ei ganske normal sandkasse.

Den vesle kjempeboka

Illustrert av Anna Fiske

Kjempen Sam er 4,3 meter høg. Han er ei snill kjempe, men også veldig glømsk. No har han glømt å ta av seg skoa i to år! Og sidan han er så redd for å lukte kjempetåfis, legg kjempe-bestefar Ottar ei lur plan: Dei skal reise til den staden i verda som ligg lengst muleg unna folk, og der skal Sam endeleg få lufte tåfisen.

Dei reiser av stad. Men når alt kjem til alt, er det fleire haker ved kjempe-bestefar Ottars plan. Ikkje minst at dei må kjempe mot ein skummel sjørøvar-kjempe for å komme dit.