ANTOLOGIER

I disse, disse og disse bøkene er eg representert med ei korthistorie:

Den nyskrevne novellen «Sol og skygge» er med i fotballantologien Kampklar (for ungdom). Veldig ærefullt å få bli med på et så bra forfatter-fotballag!
Over 240 millioner mennesker i mer enn 200 land spiller fotball. Her har elleve av dem skrevet hver sin novelle for ungdom.
Bidragsytere: Alf Kjetil Walgermo, Arild Stavrum, Arne Svingen, Brynjulf Jung Tjønn, Eivind Hofstad Evjemo, Endre Lund Eriksen, Lars Mæhle, Levi Henriksen, Mariangela Di Fiore, Ragnfrid Trohaug og Thomas Enger.

«Sikkerstikket» i Elskar, Elskar ikkje. Seksten nordiske kjærleiksnoveller.
Samlaget, 2010.

«Den store ulykka» i Nesten som før. 11 historier om å være omtrent 14.
Cappelen Damm 2010.

«Same kva som hender» i MOT.
Cappelen Damm 2011.

«På veg mot himmelen» (ill. av Gunvor Rasmussen) i Trøysteboka.
Skald forlag 2011.

Sistnemnte er ei veldig fin samling med … ja, trøystehistorier av nynorske barnebokforfattarar. Ho fekk terningkast 6 i VG.

«Ektefølt, rik og vakkert illustrert for de minste og de største.»
Mari Nymoen Nilsen, VG.

Ein av dei bøkene eg er aller mest stolt av å ha laga, er ellers:
Mjau! 18 gode kattehistorier om kattemennesker.
Gyldendal Norsk Forlag 2000.

Det er, tru det eller ei, skrive utruleg mykje bra litteratur med katter i hovudrolla. Tarjei Vesaas, Doris Lessing, Edgar Allan Poe, Jens Bjørneboe og Honoré de Balzac er berre nokre av dei som er med i boka. For ikkje å glømme ei av dei sterkaste novellene i norsk litteratur «Stjernene» av Agnar Mykle. Boka har dessutan eit veldig artig og interessant «Kattepreludium» skrive av Tor Åge Bringsværd.

Boka er naturlegvis utselt og umuleg å få tak i, bortsett frå på biblioteket eller i eit antikvariat.