Hanna og farfars krimgåter
Ny lydbokserie for 6–12-åringar på Fabel!
Når Hanna og farfar får beskjed om at farfar kanskje må på aldersheim, fordi han gløymer og surrar med ting, går verda nesten under. For kven skal passe på Hanna då? Ho har jo alltid budd saman med farfar i det gamle Kråkereiret. Blir ho kanskje sendt i fosterheim?
Det kan dei ikkje ha noko av, og for å bevise for kommunen at farfar er heilt frisk i toppen, bestemmer Hanna og farfar seg for å løyse krimgåter. For då vil vel ingen tru at han ikkje kan passe på barnebarnet sitt?
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn mellom 6–12 år. Den er skriven rett på lydbok og du kan høyre historiene på fabel.no
Gåta med det forsvunne måleriet
Klokka tolv på natta blir det gjort eit frekt innbrot i slottet til enkefru Sofrid Salomonsen. Nokon snik seg inn i ballsalen, klarer på ninjavis å hoppe over laser-tjuveri-alarmen som dekker golvet, og stel med seg det dyrebare maleriet «PIKE PÅ HUSKE».
Kven er den frekke ninjatjuven? Og kva har det eigentleg med sirkus Blanardo å gjere?
Berre éin ting er sikkert: Dette er også ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!
Gåta med den skjeggete tjuven
Ei stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven? Er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis i alle dagar klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje?
Berre éin ting er sikkert: Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!

